Det heile starta med at eg gjekk til frisøren ein katastrofal måndag. (Forresten så er dei fleste måndagar katastrofale. Ein er trøytt etter helga, det blir servert fisk til middag, det regnar alltid, og dersom det ein sjeldan gong ikkje regnar får vi fisk til middag likevel). Frisørar er fæle! Eg vil våga å påstå at mange av dei ikkje veit kva dei held på med. Frisørar er notidas kvakksalvarar! Det var ei ung, naiv jente som klipte meg. Eg sa at håret ikkje måtte vera kortare enn at eg fortsatt kunne setja det opp i ein hale. Eg kjende at frisøren klippa meg faretruande langt oppe i nakken, men ho smilte fint og forsikra meg om at "å setta håret opp i en hale blir kje någe problem!"
Eg kom heim utan det lange, fine håret mitt. Eg prøvde å setja det opp i ein hale. Det gjekk ikkje. Halen såg mest ut som ein liten dott. Då må eg setja håret opp på ein annan måte, tenkte eg. Eg prøvde mange forskjellige ting, men det gjekk ikkje uansett kva eg gjorde. Håret var for kort, rett og slett. Eg kjende at tårene pressa på. Eg kunne ikkje ha håret laust heller, då såg eg ut som ei gammal kjerring. Det var krisetilstandar i heimen. Eg skulle jo i to bryllaup! Ein må sjå bra ut i bryllaup. Folk fotograferar jo i tide og utide heile dagen...
Kva gjer eg no?, tenkte eg. Fleire ettermiddagar rusla eg rundt omkring i Stavanger for å finna nokon som kunne redda håret mitt. Eg gjekk frå frisørsalong til frisørsalong og spurde om prisar på hair extensions. Til slutt fann eg løysinga på problemet mitt: Afro Hair & Art. Den kenyanske dama som driv denne salongen blei redninga mi. Ho fiksa håret mitt, og fletta inn masse juksehår slik at flettene blei lange og fine. Resultatet av ein 8-timersjobb blei veldig bra (Barbie-hår, faktisk!), men du og du som det klør... Eg bøyer meg i støvet for alle afrikanske kvinner som går med innfletta hår mesteparten av livet.


3 comments:
SÅ stiligt
Kaffe! Eg e me! Sei ke ti og kor du, så tar me et urbant møte:)
Klem marita
Er bloggen din sykemeldt?
Post a Comment