Saturday, April 26, 2008

5 ting eg faktisk kan leva utan

Eg har tidlegare skrive om 5 ting eg ikkje kan leva utan, derfor er det på sin plass å skriva om 5 ting eg er er veldig glad, men faktisk kan leva utan.

Mascara. Eg har i dei siste 10(?) åra vore avhengig av mascara. Mascara har alltid fått meg til å kjenna meg som eit betre menneske. Eg er framleis veldig glad i mascaraen, men eg er ikkje avhengig lenger. Eg kan faktisk gå på butikken utan! (Det heile kan ha ein samanheng med at eg byrja å farga augevippene, og behovet for mascara ikkje er like stort lenger, men det treng eg jo strengt tatt ikkje nemna her).

Mobiltelefon. Då eg skreiv "5 ting eg ikkje kan leva utan," skreiv eg blant anna at eg ikkje kan leva utan telefon. Telefon er eg heilt avhengig av, men tru det eller ei; mobiltelefonen kan eg klara meg utan. Av og til synest eg at det er fantastisk å leggja mobilen igjen heime, og vera utilgjengeleg ein heil dag. Frustrerande for dei som prøver å få tak i meg, men fint for meg. Eg plar som regel å seia at "viss folk absolutt må fortella mæg någe viktigt, kan de skriva et brev!"

Kredittkort. Dersom eg skjerpar meg, kan eg klara å leva utan kredittkortet mitt. Eg elskar kredittkortet rett og slett fordi det gir meg moglegheita til å kjøpa ting og tang når eg ikkje har pengar på konto. Men det er så lett å gløyma at eg har brukt kredittkortet, og ikkje minst kor mykje eg har handla for... Det hadde vore fantastisk å sleppa den kjipe kredittkortrekninga som kjem snikande kvar månad. Då går det opp for meg kor mykje eg eigentleg har handla for!

Hårspray. Hårspray er ein fin ting. Den sørgjer for at håret mitt får meir volum, og ikkje heng der som eit daudt dyr. Hårsprayen er og ein god venn å ha når håret ikkje er samarbeidsvillig, og gjer at håret etter mykje strev blir sånn eg vil ha det. Men eg kan altså leva utan.

Paraply. Eg synest at paraplyen er ein av dei mest geniale oppfinningane i verda! Tenk, eg kan gå ute i regnet utan å bli blaut. Og det er så greitt at paraplyane blir øydelagde ganske kjapt, for då kan eg kjøpa ein ny. Ingenting slår gleda over å ha ein ny paraply (nei, eg bur ikkje i Bergen)! Etter å ha budd ein del i Kenya har eg funne ei anna løysing på korleis ein skal unngå å bli blaut: å vera inne når det regnar. Det er meir effektivt enn å gå med paraply. I Kenya er det allment akseptert å halda seg innandørs pga. regn, sjølv om det går ut over jobb, skule, avtalar osb. Derfor kan eg altså leva utan paraply.

1 comments:

Linn said...

Æg vil helst ikkje leva uten maskara, paraply og mobil, kjenne æg. Men resten klare æg meg meget godt foruten:-)

Post a Comment