Friday, July 25, 2008

Kva har skjedd sidan sist?

Det er sommar, det er sol (av og til), og bloggen er meir eller mindre gravlagd. Det er lenge sidan sist oppdatering, og årsaka er enkelt og greitt latskap! Det har likevel skjedd litt i livet mitt...

Eg har blitt eldre. Den 20. juli blei eg 20 år for tredje gong... Har foreløpig ikkje oppdaga gråe hår, har kun ei rynke (vanlegvis omtalt som "rynkå," og ifølge fleire kjelder er denne usynleg. Eg er ikkje overbevist!) Eg er heller ikkje særleg dement, sjølv om ein kan begynna og lura... "Vimsehåve, eg? Ke du snakke om?"

Eg har jobba seks veker i butikken/lageret på Magnar Eikeland AS. Der har eg løfta kassar som inneheld all slags merkelege ting, pakka varer, ekspedert kundar og rett før eg slutta forstod eg til og med datasystemet. Eg har rett og slett vore flink jobbejente!

Sommaren er alltid tida for å gjera eit forsøk på å bli sporty, og eg har faktisk blitt meir sporty enn på lenge. Barbeint jogging på stranda er ekstremt effektivt! Eg har plutseleg fått lårmusklar! Kondisen er ikkje så verst den heller. Kvifor ligg ikkje jærstrendene i Oslo? Jogging i asfaltjungelen blir aldri det same...

Eg har fått litt sjukepleiarerfaring. Bestefar fekk slag, og måtte derfor vera to veker på sjukehuset. Eg var på besøk fleire gonger, og sidan sjukepleiarane hadde det travelt og eg ikkje er særleg sjenert, traska eg rundt omkring og fann forskjellige ting som bestefar ville ha. No er eg godt kjend på avdeling 6F, spesielt på kjøkkenet og badet.

Utanom all traskinga på sjukehuset, har eg og Dina brukt kvarandre som nålepute. Dina har satt sprøyter i låret mitt og veneflon i blodårene på handa mi. Veneflonen satt tydelegvis godt, for då eg tok han ut dagen etter klarte eg å laga ein enorm blodpøl på golvet. Det ville liksom ikkje slutta å blø... Blødningar og golvvask er noko eg vanlegvis ikkje har tid til på morgonkvisten, så det heile var ein stressande affære.

Eg har brukt alt for mykje pengar... Alle ambisjonane mine om å kutte ut shoppinga har gått rett i vasken. Men kva skal eg gjera når alle dei gode gamle kleda mine går i oppløysing? Jo, eg kjøper nye. Det beste kjøpet i sommar er utan tvil mitt nye rosa digitalkamera. Utover hausten kjem eg nok til å bli like ivrig som ein japansk turist i Geirangerfjorden; eg tek bilete av ALT!

Sånn elles kan eg skryta av at eg har bada i Nordsjøen heile fire gonger! Det må vera ny rekord! Strandliv, bading, grilling og volleyball saman med gode venner er alltid like kjekt. Det einaste eg ikkje har fått gjort er å surfa... Eg får sikkert moglegheita neste sommar. Kanskje eg skal ta dykkarsertfikatet og? Hmm...

Over og ut! (for denne gongen)

0 comments:

Post a Comment