Thursday, May 14, 2009

Feil genmateriale

I går blei eg sjokkert! Eg fann nemlig ut at mamma, som har fødd to ungar, ikkje har eit einaste strekkmerke. Er det mogleg? Eg har ikkje fødd noko som helst, men strekkmerke, det har eg. (Ok, eg skal vera ærleg. Eg har ikkje SÅ mange, dei er heller ikkje store og særleg synlege, men dei ER DER. Og eg er ikkje tobarnsmor!) Mamma berre lo av sjokket mitt, og sa at eg hadde arva feil gener. Såvidt eg veit har heller ikkje pappa strekkmerke, så det er uvisst kor eg har fått strekkmerke-genet frå. Dessutan er eg den lågaste i familien. Alle dei andre er minst 10 cm høgare enn meg. Og eg er den einaste med lys hud og blondt hår. 

Eg er ein albinodverg med strekkmerke. Kva blir det neste? 

2 comments:

mari said...

Nå trengs det en oppdatering her:) Har du det bra? Du er savna i Oslo, som vanlig!

Marthe said...

Oppdatering ska du få! Eg savne deg og livet i Oslo! Men me snakkes nok igjen om ikkje så alt for lenge, ikkje tvil på det. Ha en strålande dag :)

Post a Comment