Monday, June 08, 2009

Paradis på jord?

Hald Internasjonale Senter

I går tok eg ein svipptur til Mandal for å vera med på "Jorden rundt på 3 timer," arrangert av Hald Internasjonale Senter. Eg var student på Hald 2005/2006, og fram til no har det vore det beste året i livet mitt. Derfor var det veldig kjekt å vera tilbake, eg har faktisk ikkje vore der sidan 2006. Eg set alltid pris på solskin, god mat, strålande underhaldning, musikk og dans, og kvalitetstid med kenyanarar og andre folk som er like glade i Afrika som meg. 

Etterpå gjekk eg ein liten runde i Mandal. Eg gjekk heilt ned til Sjøsanden og satte meg i sola. Det er rart å gå på "gamle" vegar. Alt kjem liksom tilbake. Eg hadde nesten gløymt den gongen eg, Anja, Simon, Per og Fausto hadde sandkrig på Sjøsanden, og eg var så full av sand at det tok ei veke før eg klarte å vaska alt ut av håret. Eller den gongen eg og Per åt is på Jonas B. og konkurrerte om kven som klarte å ha hendene på bordet lengst. VELDIG sært, eg hugsar ikkje korleis det heile starta. Men eg hugsar at vi sat der i over ein time med hendene på bordet, og eg blei sintare og sintare og hadde mest lyst til å gje Per eit slag midt i trynet. Vi var stae som esel begge to, så det blei til slutt uavgjort. Ein gong regna det så fælt at eg og Kjetil nekta å gå over i nabobygget for å ha undervisning, så vi blei sitjande i hovudbygget for å drikka te. Unnskyldninga vår var at sidan vi hadde vore på utveksling i Kenya og Uganda, var det heilt greitt å bli forsinka på grunn av regn. Sånt blir nemlig godtatt i Kenya og Uganda. Det skjedde alltid rare og morosame ting på Hald, og det er skummelt kor fort eg gløymer. 


Sjøsanden! Like fin som Borestranda! 

Eg har sagt det før, og eg seier det igjen; dersom eg skal busetja meg i Noreg, så blir det i Mandal. For meg er Mandal paradis på jord! Det er ei lita sørlandsperle med sol, skjærgård, strand, skog, sjarmerande hus, gode restaurantar, kjekke folk, det meste ein treng av butikkar, og det er ikkje så langt frå Jæren. Eg trur eg kan gjera det bra som sørlandsjente! No må eg berre førebu Boss på å flytta frå millionbyen Nairobi til vesle og idylliske Mandal. Ein kenyansk rappar, det er kanskje det einaste Mandal manglar?

4 comments:

mari said...

Morsom lesning:) Men når ble det aktuelt for deg å bosette seg i Norge? Jeg trodde det var uaktuelt å flytte hit med Boss..? Hehe. Men det høres veldig idyllisk ut;) Kos deg så lenge. Vi snakkes. Du er savna på Tøyen, om du ikke har fått det med deg enda;) Klem!

Marianne said...

Når eg blir gammal skal eg flytte til Mandal, og sitte i ein seglbåt og skrive sjølvbiografien min!

Lillian said...

Så kjekt å hørra at du fekk spaserturen din:) viss du flytte t mandal, så komme eg på besøk:)

Marthe said...

Mari: Eg sa VISS eg ska busetta meg i Norge, så blir det i Mandal. Eg savne deg og!

Marianne: Det hørtes idyllisk ut! Kanskje eg og ska gjør det?

Lillian: Eg håpe du komme på besøk uansett kor eg flytte hen...

Post a Comment