Det gjekk plutseleg opp for meg at det er juli. Tida går altfor fort, sommaferien er jo snart over. Eg har ikkje fått gjort noko av det eg hadde tenkt å gjera. Eg hadde planlagt å pussa opp rommet mitt, laga system i alt eg eig og har, lima bilete inn i fotoalbumet mitt (har foreløpig kome til sommaren 2001, så eg har ein jobb å gjera...), besøka venner og kjente i alle delar av landet, dra på båttur, gå lange turar, og berre ha det kjekt. Eg får heller gjera det til hausten :)
Og eg hadde store planar om å bli kjempesprek. I fjor sommar var eg svært flink. Eg jogga på stranda annankvar dag. Det er TUNGT å jogga i sand, og eg kom raskt i form. I år har eg ikkje vore på stranda ein einaste gong. Ikkje eingong for å bada... Eg har derimot klart å leggja på meg 4 kilo, og eg veit kvifor. Eg er lat! Og eg har spist mykje søppelmat. Eg kunne ha spart meg for kebaben og hamburgaren i sist veke, og all den usunne grillmaten i helga. Eg kunne latt vera å eta kaker, is og brus. Eg lærer aldri, for gjett kva eg skal i kveld! Jo, eg skal laga ein ny ladning muffins. Det ser stygt ut som om den perfekte bikinikroppen uteblir i år og, og eg er nødt til å gå rundt som meg sjølv. Men det er ikkje så galt, det heller.
9 hours ago


1 comments:
eg må LE! Kjenne meg igjen i omtrent samtlige ambisjonar ;) Jaja...Ikkje så verst å bare leva heller? ALt det andra kan me vel gjer når me blir gamle! (ok, gamle dame trenge kanskje ikkje bikinikropp, men...) God sommar te deg :)
Post a Comment