9 hours ago
Wednesday, June 17, 2009
Monday, June 08, 2009
Paradis på jord?

Hald Internasjonale Senter
I går tok eg ein svipptur til Mandal for å vera med på "Jorden rundt på 3 timer," arrangert av Hald Internasjonale Senter. Eg var student på Hald 2005/2006, og fram til no har det vore det beste året i livet mitt. Derfor var det veldig kjekt å vera tilbake, eg har faktisk ikkje vore der sidan 2006. Eg set alltid pris på solskin, god mat, strålande underhaldning, musikk og dans, og kvalitetstid med kenyanarar og andre folk som er like glade i Afrika som meg.
Etterpå gjekk eg ein liten runde i Mandal. Eg gjekk heilt ned til Sjøsanden og satte meg i sola. Det er rart å gå på "gamle" vegar. Alt kjem liksom tilbake. Eg hadde nesten gløymt den gongen eg, Anja, Simon, Per og Fausto hadde sandkrig på Sjøsanden, og eg var så full av sand at det tok ei veke før eg klarte å vaska alt ut av håret. Eller den gongen eg og Per åt is på Jonas B. og konkurrerte om kven som klarte å ha hendene på bordet lengst. VELDIG sært, eg hugsar ikkje korleis det heile starta. Men eg hugsar at vi sat der i over ein time med hendene på bordet, og eg blei sintare og sintare og hadde mest lyst til å gje Per eit slag midt i trynet. Vi var stae som esel begge to, så det blei til slutt uavgjort. Ein gong regna det så fælt at eg og Kjetil nekta å gå over i nabobygget for å ha undervisning, så vi blei sitjande i hovudbygget for å drikka te. Unnskyldninga vår var at sidan vi hadde vore på utveksling i Kenya og Uganda, var det heilt greitt å bli forsinka på grunn av regn. Sånt blir nemlig godtatt i Kenya og Uganda. Det skjedde alltid rare og morosame ting på Hald, og det er skummelt kor fort eg gløymer.
Sjøsanden! Like fin som Borestranda!
Eg har sagt det før, og eg seier det igjen; dersom eg skal busetja meg i Noreg, så blir det i Mandal. For meg er Mandal paradis på jord! Det er ei lita sørlandsperle med sol, skjærgård, strand, skog, sjarmerande hus, gode restaurantar, kjekke folk, det meste ein treng av butikkar, og det er ikkje så langt frå Jæren. Eg trur eg kan gjera det bra som sørlandsjente! No må eg berre førebu Boss på å flytta frå millionbyen Nairobi til vesle og idylliske Mandal. Ein kenyansk rappar, det er kanskje det einaste Mandal manglar?
Sunday, June 07, 2009
Oh, sweet!
"Alle" bakar muffins for tida, og legg ut bilete på bloggen. I've got baking skills too! Her er beviset! (Legg spesielt merke til alle muffinsane med brystvorte...)

Eg brukte Sissel si fantastiske oppskrift på englemuffins, og Signe si glasuroppskrift. Eg var til og med litt oppfinnsam. Eg putta blåbær i deigen, og resultatet blei saftige blåbærmuffins. Akkurat no er eg litt kvalm, for eg har ete litt for mykje... Det at eg har ete til eg blei kvalm seier litt om kor gode desse muffinsane er!
Friday, June 05, 2009
Den snille tjuven
I går medan eg var på jobb, ringde plutseleg tante Jeanette. Ho var svært forvirra, og spurde meg om eg hadde mista lommeboka mi. Eg visste at eg hadde tatt med meg lommeboka på jobb, så eg blei svært forvirra sjølv. "Marthe, se i veska di med en gang," kommanderte ho. Ok, eg måtte vel gjera det då. Eg rota rundt i veska ganske lenge, men lommeboka var borte på mystisk vis.
Tante Jeanette hadde fått ein telefon frå ein mann som driv konditori i Langgata i Sandnes. Han hadde funne lommeboka mi utanfor konditoriet sitt, og ringt til opplysninga for å få nummeret mitt. Kvifor han fekk tante Jeanette sitt nummer og ikkje mitt, er framleis eit mysterium. Eg og tante Jeanette har ikkje eingong same etternamn.
Uansett, eg la i veg for å hente lommeboka mi. Det viste seg at tjuven hadde tatt kredittkortet mitt og heile 61 kroner og 50 øre. Eg sperra kredittkortet, og var strålande fornøgd med at tjuven ikkje hadde kasta lommeboka mi frå seg i ein søppeldunk eller ein annan plass. Eg fekk tilbake lommeboka, sertfikatet, bankkortet, ein heil haug med andre kort, bileta mine og hus- og bilnøkkel. For ein "snill" tjuv!
Men korleis skjedde dette? Lommeboka mi blei stjelt medan eg var på jobb. Ho eine eg jobbar med hadde sett ein litt rar mann i butikken. Han virra rundt, og då ho spurde om ho kunne hjelpa han med noko, svarte han at han ikkje var på utkikk etter noko spesielt. Og så berre forsvann han... Han hadde til og med virra heilt bakerst i butikken, bak kassane, der dei tilsette sleng frå seg jakkar, vesker og ymse anna. Ein kan tydelegvis bli rundstjelt på jobb. Men eg klagar ikkje! Denne tjuven var jo ganske "snill!"
Subscribe to:
Posts (Atom)


