Friday, July 10, 2009

Nytt hår, takk!

Eg har bestilt frisørtime på måndag, og eg er litt spent. Det er to år sidan sist eg var hjå frisøren. Då vart resultatet katastrofalt, og eg endte opp med å fletta inn Barbie-hår. Etter denne skrekkopplevinga har eg klippa og farga håret mitt sjølv, og det har gått heilt greitt. Men eg kan dessverre berre klippa ein frisyre, så no er tida inne for litt forandring. Eg har bestemt meg for at eg aldri vil ha kort hår igjen, så eg tenkte å prøva meg på ein frisyre slik som denne:


WHAT DO YOU THINK?

Tuesday, July 07, 2009

Hjelp, det er jo juli!

Det gjekk plutseleg opp for meg at det er juli. Tida går altfor fort, sommaferien er jo snart over. Eg har ikkje fått gjort noko av det eg hadde tenkt å gjera. Eg hadde planlagt å pussa opp rommet mitt, laga system i alt eg eig og har, lima bilete inn i fotoalbumet mitt (har foreløpig kome til sommaren 2001, så eg har ein jobb å gjera...), besøka venner og kjente i alle delar av landet, dra på båttur, gå lange turar, og berre ha det kjekt. Eg får heller gjera det til hausten :)

Og eg hadde store planar om å bli kjempesprek. I fjor sommar var eg svært flink. Eg jogga på stranda annankvar dag. Det er TUNGT å jogga i sand, og eg kom raskt i form. I år har eg ikkje vore på stranda ein einaste gong. Ikkje eingong for å bada... Eg har derimot klart å leggja på meg 4 kilo, og eg veit kvifor. Eg er lat! Og eg har spist mykje søppelmat. Eg kunne ha spart meg for kebaben og hamburgaren i sist veke, og all den usunne grillmaten i helga. Eg kunne latt vera å eta kaker, is og brus. Eg lærer aldri, for gjett kva eg skal i kveld! Jo, eg skal laga ein ny ladning muffins. Det ser stygt ut som om den perfekte bikinikroppen uteblir i år og, og eg er nødt til å gå rundt som meg sjølv. Men det er ikkje så galt, det heller.

Monday, July 06, 2009

Eg trur eg dør!

Av latter, altså.

Eg skreiv tidlegare om Den Snille Tjuven, men no har det vist seg at han ikkje er så snill likevel. Eg fekk nettopp kredittkortrekninga mi... Innan eg sperra kortet mitt har tjuven klart å bruka heile kr 287,60 på Kiwi Sandnes. Tjuven var tydelegvis svolten. Eller røykesjuk.

No har eg ledd så mykje at eg har vondt i heile kroppen!