Det er fleire som har etterlyst bilete av frisyren min etter at eg var hos
frisøren, men no er det såpass lenge sidan eg klipte meg at håret har blitt langt igjen. Men frisyren blei bra, den! Eg skal heller leggja ut bilete neste gong eg går til frisøren. Det er snart tida for det... Håret mitt veks utruleg fort! Eg veit at eg ikkje skal klaga, for det er altfor mange der ute som har det motsatte problemet. Men håret mitt veks så fort at det irriterar meg. Eg må nemlig klyppa og farga ofte. Men nok om håret mitt...
Dette har skjedd sidan sist:
Eg har fylt 23 år. Hipp hipp hurra!
Eg sat ved sida av og hadde ein lang samtale med Ole Gunnar Solskjær på flyet til Amsterdam. Eg skulle vidare til Nairobi, han skulle til Nice. Og eg angrar bittert på at eg ikkje tok bilete av han. Det hadde gjort seg på bloggen!
(Her skulle det ha vore eit bilete av meg og Ole Gunnar Solskjær)
Som sagt har eg vore i Kenya, og eg kom meg nesten ikkje heim igjen på grunn av flystreik. Men det gjorde absolutt ingenting. Eg fekk vera 3 dagar ekstra i Nairobi, og Kenya Airways spanderte overnatting på det finaste hotellet i byen. Kven kan vel klaga på det? I enjoyed my life as a Kenyan princess!
Eg er sjukepleiarstudent igjen. Eg begynte riktignok litt seint, men det var på grunn av den tidlegare nemnde flystreiken.
Leiligheta der eg bur har vore offer for BIG SCALE oppussing. Alt utanom golvet har fått seg eit malingstrøk.
Boss og M.O.G. har endeleg gitt ut debutalbumet sitt! Dei hadde ein strålande releasekonsert, og det var ein gledeleg dag for alle utanom meg. Eg var ikkje der...
Eg svingar meg på parketten! Nokon klarte nemlig å lura meg med på dansekurs på Krigsskulen, så no går det i vals, tango, foxtrot og swing saman med ein kjekk soldat.
Eg har fått meg ny jobb, og jobbar no for The Body Shop i Sandvika.
Eg har klart å ruinera meg. Det er så alt for mange fine klede der ute...
Og når eg først har tilstått at eg er ruinert, kan eg og tilstå at denne hausten har eg oppdaga Hannah Montana. Perfekt tidsfordriv når eg kjem heim frå jobb/forelesning.
Som du kanskje har forstått, er livet mitt stort sett som før.
Over og ut!